fredag 24. juni 2011

Ta sjansen og stem KrF i 2011

I morgon er det "Ta sjangsen" på Svortland! Røde Kors og sentrumsforeininga har rigga til våt morro i og ved Storavatnet. Alle parti er utfordra om å stilla med stand på torget før arrangementet. KrF kjem også for å markera at det berre er to og ein halv måne igjen til nok eit spanande lokalval. Bømlo-Nytt gav KrF ei god melding i dag med over 20 % oppslutnad i ei lokal meiningsmåling! Det er betre tal enn i tilvarande målingar for fire år sidan.

Kanskje er du mellom dei som vurderer å gi din stemme til KrF i 2011? Då blir vår utfordring: Ta sjangsen! Programmet vårt vil bli sendt ut til alle postkassar og vera tilgjengeleg via lenkje på bloggen her seinare i sommar!