fredag 16. september 2011

Brottsjøar og forhandlingar

Bømlo KrF takkar veljarane for eit godt valresultat. Med ei ny lista som ønskja å konkurrera om den same veljargruppa, så var rundt 16 % positive nyhende. Me blei større enn FrP, noko me ikkje har vore på fleire val. KrF var svært nær å få sistemandatet som gikk til Ap.

Den sitjande koalisjonen mista fleirtalet. Sonderingane valkvelden gjorde at KrF gikk med på å drøfta eit samarbeid med H og FrP. FrP valde å bryta avtalen dagen etter. Me hadde ikkje håp om å koma i posisjon. Me fekk spørsmål om valteknisk samarbeid med H, DK og andre, men det måtte drøftast i partigruppa før me kunne svara. Til møte i partigruppa onsdag kl. 1730 låg det føre ein formell invitasjon frå V/Sp/Ap og informasjon frå underteikna om kontaktane frå DK og H. Etter 50 minutt med drøfting valde partigruppa å takka ja til samtalar med V/Sp/Ap. Me fekk vita at avtalen dei dagen før hadde signert med FrP var nullstilt. Samtalen var positiv og tillitsvekkande, og me valde å inngå i eit valteknisk samarbeid...

Avisene snakkar om grov sjø i Bømlopolitikken..., ja, det er nok mykje rett i det! No var det FrP som sprang frå møte med H og KrF til møte med andre. Når nye dører opna seg for KrF gjorde me eit val. Det er blitt snakka om "reddande englar", til det vil eg seia at i politikken er me truleg alle "politiske gribbar"... Den som er utan skuld kan kasta den første stein!

Me ser no framover til spanande år med store og tunge politiske saker, særleg innan skule og helse/omsorg!

søndag 11. september 2011

Eit tiårsminne, dagen før dagen!

11. september 2001 er eit vondt og urovekkande minne! Bilda frå New Your, flammene, røyken, og etter kvart dokumentasjonen om alle dei grufulle menneskelege lidingane, satte djupe spor. Om kvelden for ti år sidan satt eg på snøggbåten på veg heim og svarte på sms-ar frå fortvilte ungdommar som på nettet las om "dommedag", "islamsk verdskrig/antikrist" og rykte om at verdens tidsalder var slutt...Dommedagsprofetar skapar sjeldan det framtidshåpet dei hevdar å stå for, men dei har ei eiga evne til å vera ført på banen når ein katastrofe rammar! Å svara på desse sms-ane og opna for ein annan refleksjon var krevjande!

Denne sommaren fekk dessverre også vårt land møta hat og terror... I lys av hendingane i sommar blir det heilt klart at kjærleik kan overvinna hat! Menneskeverd skapar fred! Me må halda fast på desse utrolege erfaringane av kjærleiken si kraft! Samstundes vil eg at me alle må gi rom og forståing for dei som har opplevd hatet ramma slik at hat til terroristar og deira meiningsfeller ikkje kan døyvast av rosehav og medmenneskeleg sympati! Deira kjensler er ekta, naturlege og ikkje noko me andre skal "overdøyva" i kjærleik.

La denne søndagen bli ein roleg dag til refleksjon for vår felles framtid! I morgon kjem ein ny dag, til alt overmål ein valdag! Grip valdagen, nytta deg av retten til å vera med på å utforma framtida! Ikkje la terroristar og dommedagsprofetar ta frå deg livsmot og framtidshåp!

måndag 5. september 2011

Kommunal kontantstøtte?

Fleire har kontakta meg og spurt kva Bømlo KrF vil gjera for foreldre som mistar kontantstøtte til sine 2-åringar frå neste sommar. Eg trur det blir vanskeleg å omprioritera i knappe midlar. Det avgjerande no er at veljarane byter ute Jens og co ved neste høve i 2013, og får ein politikk meir i samsvar med kvardagsutfordringane til småbarnsfamiliane.

Trass trong kommuneøkonomi vil Bømlo KrF prioritera framleis gode ordningar med søskenmoderasjon. Ein tanke kan vera å sjå barnehage og SFO saman med tanke på moderasjon. Ein anna mindre, men viktig sak for dei det gjeld, er å "frysa" auken i eigenbetalinga til kulturskulen.

Dagens kortfatta budskap kan då oppsummerast: Gi Jens kontant svar - stem KrF neste måndag!

fredag 2. september 2011

Eldreomsorg med kvalitet og kapasitet

Kristeleg Folkeparti i Bømlo vil byggja ut nye sjukeheimsplassar så snart det er praktisk mogleg. Samstundes må me ha fokus på ressursane til heimesjukepleie og heimehjelp. For å kunna prioritera auka kvalitet og kapasitet i eldreomsorga må sektoren bli budsjettvinnar i åra framover. Det vil bli mange og tøffe prioriteringsdebattar, men me vil vera med og føra ein ansvarleg politikk som bygger kvaliteten og kapasiteten i eldreomsorga ”stein for stein”. Samhandlingsreforma vil gi kommunen spanande nye oppgåver, men og utfordringar som må løysast innan knappe økonomiske rammer.


Å klara seg sjølv lengst mogleg er eit ønskjemål for alle. Fysioterapi, ergoterapi og hjelpemiddelsentralen er viktige aktørar for å lukkast med det målet. Men, når nokon treng heimehjelp, heimesjukepleie eller ein institusjonsplass må tilbodet vera på plass! Det er vondt å høyra om dei som må venta på eit tilstrekkeleg godt tilbod. Samstundes er det godt å oppleva at mange takkar for den hjelpa kommunen maktar å gi.

Kommunen sine tilsette innan eldreomsorga gjer eit fantastisk arbeid ut frå dei økonomiske rammene som blir gitt. Det er viktig at kommunen er ein god arbeidsgjevar som tilbyr dei tilsette kurs og etterutdanning for å byggja vidare på den enkelte sin kompetanse og interesse. Ufrivillig deltid må motarbeidast, noko som vanskeleg let seg gjera utan ei auke i grunnbemanninga.

Kristeleg Folkeparti vil setja barna og dei som treng helsehjelp, pleie og omsorg først!

onsdag 31. august 2011

Med hjarta for Bømlo :)

Kristeleg Folkeparti ønskjer ikkje Bømlo som ein del av ein storkommune i Sunnhordland no. Me er oppteken av å styrka Bømlo gjennom godt interkommunalt samarbeid med kommunane i både Bergensregionen, Sunnhordland og Haugalandet. Mange oppgåver og tenester kan ikkje løysast i ein kommune åleine, heller ikkje om me hadde vore ein storkommune saman med Stord, Fitjar og Tysnes. Bømlo har ein utstrakt geografi. Mange av våre bygder ville blitt verkelege utkantar i ein slik mangfaldig kommune. Mange klagar jo på avstanden til kommunesenteret slik det er i dag.

Bømlo har hatt ei positiv utvikling dei seinare åra, med eit folketal i forsiktig vekst. Det er ein god situasjon å ha. I arbeidet med kommuneplanen, som no går føre seg, er det viktig å legga til rette for nye bustadtomter i heile kommunen. Det må framleis vera lov å planlegga ny busetnad innanfor 100-meters sona til sjø i dei områda av kommunen der det er naturleg og kulturtradisjon.

Tilgong til sjø er ein viktig kvalitet for Bømlo. Det er ein kvalitet me både må ta vare på og nytta oss av. Ålmenta sin tilgong til sjø og sjøliv må sikrast gjennom å legga ut nye område til småbåthamner og verna om naturlege badeplassar og turmål i sjøkanten.

Ved god arealplanlegging, raskast mogleg gjennomføring av Bømlopakken, ulike prosjekt og tiltak i bygdene og eit framleis fokus på å styrka og utvikla Svortland som handels- og kommunesenter, vil Kristeleg Folkeparti hevda at Bømlo framleis har kraft og vitalitet til å stå som ein sjølvstendig kystkommune med tette samarbeidsband til Bergensregionen, Sunnhordland og Haugalandet.

onsdag 17. august 2011

Menneskeverd i sentrum!

Kristeleg Folkeparti går til val med slagordet ”Menneskeverd i sentrum”. Me treng alle å bli sett, utfordra og trygga. Oppleving av verdigheit og nestekjærleik er viktig for store og små. I praktisk lokalpolitikk kan det handla om ein skule utan mobbing og om eit tilstrekkeleg utbygd omsorgstilbod til sjuke og eldre. Gjennom lesarinnlegg, blogg, samtale og valmateriell vil Bømlo KrF synleggjera korleis me ønskjer å følgja opp slagordet lokalt i komande fireårsperiode.


Oppleving av menneskeverd og nestekjærleik skjer i møte mellom menneske. For ein lokalpolitikarar er det viktig å vita at alle barn møter trygge vaksne i barnehage og skule. Bømlo sine innbyggarar skal bli møtt med respekt enten det gjeld ei byggesak eller behov for kommunale omsorgstilbod.

Eit godt og trygt lokalsamfunn kan oppmuntrast av kommunestyret, men dessverre ikkje vedtakast! Det handlar ikkje om meir politi og kontroll, men om korleis me er villige til å møta våre medmenneske i kvardagen. Rosetoga etter terrorhendingane i sommar syna at det er stor vilje til solidaritet og nestekjærleik. Det er å håpa at den krafta som blei utløyst i sommar får varige følgjer for korleis me møter og hegnar om kvarandre sitt menneskeverd, korleis me ser, utfordrar og tryggar kvarandre.

Valkampen blir nok ikkje som den var planlagt for nokon av oss. Me i Bømlo KrF vil gjera vårt for å møta andre parti og kandidatar på ein verdig og respektfull måte. Lykke til med valkampen!

torsdag 7. juli 2011

Paragrafar i paradis

I eit lesarinnlegg i lokalavisa i går blir to ikkje namngjevne personar omtala som "slangar i paradis". Saka gjeld eit kommunalt tomtesal til Havlandet, eit stort reiselivsprosjekt i Finnåsvika på Bømlo. Eg har behov for å slå fast at tomtesaka til Havlandet korkje er trua frå oppsitjarar i korkje Melkevik eller Muntevik. Trugsmålet handlar ikkje om privatpersonar sitt engasjement kring den allereie vedtekne og godkjente reguleringsplanen. Spørsmålet no er om eit kommunestyre har lov å selja ei tomt til underpris til ein privat reiselivsaktørar…

Dette er ikkje ei enkel sak å kommunisera ut til ålmenta all den tid Bømlobadet er meint å drivast av ein ideell aktør/idrettslag, men eg vågar trass fare for å bli oppfatta feil. Utfordringa er banda til dei andre delane av det totale reiselivsprosjektet. Badelandet skal i stor grad finansierast av tomtesal til hotell og hytter. Hotellet og hyttelandsbyen frå si sida ha økonomiske fordelar av eit planlagt badeland. Spørsmålet som rådmannen i Bømlo må finna svar på er om kommunen i det heila kan støtta Bømlobadet utan å koma i konflikt med lov mot konkurransevridande offentleg støtte. Intensjonen til eit samla kommunestyre i juni var nettopp å finna fram til ei god løysing for ei støtta!

Bømlo KrF har programfesta ei positiv haldning til Havlandet som eit stort og viktig regionalt reiselivsanlegg. Me har delteke på vedtaket om å stø opp om Bømlobadet med størsteparten av det kommunen måtte få som betaling for den regulerte tomta! Men rådmannen må få den naudsynte tida til å greia ut korleis ei slik støtta kan gjerast i tråd med nasjonalt og internasjonalt regelverk. Det er grunn til å peika på at den antyda kommunale tomtestøtta til Bømlobadet er under 5 % av finansieringsplanen. Desse pengane kan umogleg vera avgjerande for om prosjektet blir realisert eller ikkje! Dersom 95 % av finansieringsplanen er i boks kan umogleg finansaktørar kullkasta ein så sentral del av eit stort reiselivsprosjekt for den siste avgjerande toppfinansieringa på 5 %. Eg nemner dette for å setja saka om det kommunale bidraget i eit rett og realistisk perspektiv.